![]() |
Lecture and workshop with groupwork |
![]() |
Half a day |
![]() |
Mohammed image archive
Various articles published across Europe and compiled in an overview on www.perlentaucher.de |
Innhald
Dei kontroversielle teikningane av Mohammed, som blei publiserte i den danske avisa Jyllandsposten i september 2005, viser enno ein gong kva enorm påverknadskraft bilde kan ha. Den påfølgjande debatten handla ikkje berre om forbodet til å avbilda profeten eller verdien av muslimske symbol, men gjekk inn i debattane om innvandring og integrasjon av muslimar i Europa.
Religiøse, og ikkje minst muslimske, bilde og symbol presentert i massemedia ber med seg ein mengde ulike meiningar, det meste umedvitne. Dei blir ikkje berre forbundne med islam som religion, men òg med islamske militante rørsler som ofte vegrar seg for å akseptera verdisystema i det nye heimlandet. Når det gjeld hovudplagg eller slør, blir desse av mange sett på som symbol for undertrykking av kvinner innafor islam, medan likestilling mellom kjønna er ein av grunnpilarane i dei liberale vestlege demokratia.
Formål
Dette avsnittet vil få fram eit meir samansett bilde av islamske symbol gjennom å setta teikningar av profeten eller av sløret i eit historisk og sosio-kulturelt perspektiv. Dette er mogleg ved å trekka fram i lyset dei underliggande verdiane og fordomane som ofte dominerar diskusjonen om islamske bilde. Sameksistensen av ulike kulturelle og religiøse samfunnsgrupper krev reelle kunnskapar og innsikter om verdiar og førestellingar som kan vera med å påverka debattar til dømes om sløret.
Opplegg
Be elevane finna fram utklipp frå aviser og vekeblad med islamske symbol og bilde. Alternativt kan du visa elevane ein del islamske bilde, blant anna portrett av kvinner med slør, og bilde frå nettarkivet Mohammed Image Archive. Deretter kan elevane setta seg i mindre grupper og diskutera kva verknad bilda har på dei og kva assosiasjonar dei får til dei. Om råd bør gruppene bestå av både muslimske og ikkje-muslimske elevar. Læraren kan hjelpa til med ein teoretisk refleksjon til spørsmål som kjem fram frå diskusjonane. Som utgangspunkt kan ein til dømes velja:
- ein introduksjon til den historiske tradisjon kring islamske bilde og samanlikna dette med den jødiske og den kristne tradisjonen inkludert den Orientalistiske tradisjonen (sjå dessutan Ruth Gschwendtners-Wölfle sitt kapittel om buddhismen).
- å fokusera på ytringsfridomen.
- å fokusera på nærveret av muslimske samfunn i Europa og deira (vilje til) integrering i ein i hovudsak, sekulær kristen kultur.
- å fokusera på sløret som symbol på undertrykking av kvinner i den muslimske verda.
Deretter kan gruppene på nytt ta stilling til sine tidlegare tolkingar av bilda.
Anna materiale
På heimesida vår, www.the-learning-eye.eu, finnes det ein del bakgrunnsmateriale som kan brukast til å illustrera synspunkt og tendensar innafor debattane rundt islamske symbol. Når det gjeld orientalismen som påpeika førande fordommar innafor debattane som omhandla forhold mellom vest og øst, nord og sør, vil vi visa til den klassiske boka til Edvard Said ”Orientalsime” som først blei publisert i 1979 (på norsk kom boka i 1994 (Cappelen)). Said hevda som si hovudtese at Vesten sitt bilde av Orienten er prega av kolonialistiske haldningar, av rasisme og politisk utbytting gjennom meir enn to hundre år. Sjølv om Said sin kritikk ikkje blei uimotsagt, har ideane hans medført at Vesten sine førestellingar om samfunn og kultur i Orienten har blitt utfordra.
Om de vil diskutera ytringsfridomen, kan de ta opp Voltaires motto: ”Sjølv om eg ikkje er samd med deg, vil eg kunna dø for retten din til å framføra di meining” og vurdera dette i forhold til religiøse omsyn. Fleire åtvarar om at religiøst hat kan blussa opp og vil til og med gjera det straffbart å avbilda profeten. Andre hevdar at ytringsfridomen er grunnleggande og at all fridom bygger på det prinsippet. Om vi aksepterer dette prinsippet, vil det innebera at det er galt å gjera det straffbart å fornekta Holocaust slik dette er straffbart i fleire europeiske land som Tyskland, Frankrike, Polen og Spania.
Konklusjonane som mange kjem fram til etter debattar om islam er at denne religionen er uforlikeleg med våre vestlege liberale og demokratiske verdiar, prinsipp og institusjonar.
For å framheva denne konflikten mellom islam og europeiske verdiar blir det gjerne vist til bruken av slør og andre hovudplagg blant muslimske kvinner.Hovudargumenta i den opne debatten er på den eine sida at religiøse symbol skal bort frå det offentlege rommet som til dømes skulen, universitetet og domstolane. Sekularistane meinar at religiøs praksis berre skal utøvast privat. Dette argumentet blir ofte kopla til spørsmålet om islamsk undertrykking av kvinner. Sløret blir gjerne oppfatta symbolsk som middel for undertrykking og burde derfor forbydast. Dessutan blir det òg hevda at islamske hovudplagg er meir eit uttrykk for politisk ideologi, dvs. islamsk fundamentalisme, enn eit religiøst symbol. På den andre sida reiser det seg røyster for større toleranse for religiøse uttrykk og for retten til å bera slør som synleg teikn på religionsfridom. Eit anna argument er at eit forbod vil innebera umyndiggjering av islamske kvinner som av eigen vilje ber slør.
Variasjonar og fordjuping
- Samanlikn den posisjonen bilde har innafor islam med situasjonen bilde har innafor andre religionar som til dømes buddhisme (sjå Ruth Gschwendtner-Wölfle, s.30, om Buddhisme).
- Undersøk andre scenarier som ”Den islamske byen”. Kva er det som karakteriserer ein by i den islamske verda? Korleis vil du seia at slike stader skil seg frå europeisk byplanlegging og arkitektur?
Spørsmål
- Kva er dei mest sentrale karakteristika vestlege forfattarar tilskriv den islamske verda?
- Har innstillinga til islam endra seg over tid? Dersom du meinar det, kva hendingar trur du har vore utslagsgivande?
- Korleis har desse endringane påverka val og bruk av islamske bilde og symbol?
- Kvifor har sløret blitt eit så potent symbol at vestlege regjeringar og domstolar tar det opp til debatt?
- Korleis vil du forklara dei ulike haldningane til sløret i ulike land, til dømes la-gå-haldninga i Storbritannia versus det strenge skiljet mellom stat og religion i Frankrike?