Methods of this session Lecture and Workshop
Duration of this Session Half a Day
Materials for this Session Digital cameras, library, Internet access, drawing materials, computer, beamer
See Volume One str. 08 – 09 str. 68 – 69 str. 102 – 103 str. 184 – 185
See Volume two p. 10 p. 65 p. 144
See Video CD ART-LANGUAGE-FILM Going ’99 — R/L, Hee-Seon Kim, 2001 ART-LANGUAGE-FILM MANGE, Eric Coignoux, 1995
Klaus Lürzer
Om å orientera seg i byrommet
Kor mykje informasjon treng vi?

Innhald

Orienteringsevne er ikkje noko ein har eller ikkje har, det er rett og slett ein føresetnad for å overleva. Å kunna forholda seg til omgjevnadane er ein del av vår eksistens.
Om vi mister orienteringa stoppar vi opp, stivnar eller begynnar å gå i sirkel. Det er berre om vi veit kor vi er, at vi kan gå framover. Menneska har alltid hatt orienteringstrong. Men i dei siste tiåra har mengda av informasjon vi møter – eller som pressas på oss – auka sterkt og kan opplevast som ein ugjennomtrengeleg jungel. Informasjonen er blitt så overveldande at det legg vanskar for orienteringa.

Vår orienteringsevne blir utfordra på mange plan. Bilde og grafikk, skriftlege og romslege signal, har selskap av lyd, dufter og anna. ”Signaletics” er eit omgrep som prøver å analysera desse ulike informasjonsteikna. Vi oppsøker ikkje berre visse plassar som torg, gater eller bygningar, vi søker òg innhald, tematikk og produkt..
No for tida inneber orientering at ein må kunna navigera seg fram i kompliserte informasjonssystem som tidtabellar, innsjekking på flyplassar og på hotell, navigasjonssystem i trafikken, reisebestilling over Internett osv. På sjukehus, på store museum og galeri blir vår orienteringsevne sett på prøve. Naturlege eller konstruerte signal frå omgjevnadane oppfattar kvar og ein av oss individuelt, vi vurderer og tolkar dei på ulike sett – alt etter kva bakgrunn vi har, om vi er kvinne eller mann, ung eller gamal, kva utdanning vi har og kva kulturbakgrunn vi har.

På visse nivå er det naudsynt at det finnes konsensus om korleis ”lesinga” av signal skal vera. Trafikkskilt og køyrereglar må oppfattast likt, men denne konsensusen vil ikkje gjelda i land med venstrekøyring. Endå meir komplisert blir det om vi tenker på at ein heil del informasjon berre kan forståast i ein heilt bestemt samanheng. Då vil ein måtta oppfatta ikkje berre teiknet i seg sjølv, men ein må òg umiddelbart tolka det på korrekt vis i den samanhengen teiknet står i.

Som følgje av den globaliseringa vi no ser rundt oss, er det tydleg at visuelle teikn er på veg til å bli internasjonalisert. Dette opnar opp for ikkje-verbal kommunikasjon på tvers av språklege og kulturelle grenser, kanskje på kostnad av ein del nasjonale teikn.

Eit anna aspekt er at skilt kan ha mangetydig meiningsinnhald og funksjonar. Dei formidlar meir enn berre konkret informasjon og ulike slag tilvisingar – dei kan i tillegg vera symbol for makt og innflytelse, ulikskap og sosiale konvensjonar.

Formål

Opplegg

Ulike pedagogiske metodar kan brukast for å handtera innhaldet;
førelesing, diskusjon, workshop, sjølvstudier og/eller gruppearbeid.

Øving 1
Ta utgangspunkt i der du er
Undersøk saman med elevane den institusjonen og det rommet og omgjevnadane der undervisinga går føre seg. Lat elevane finna fram til orienterings- og informasjonssystem. Korleis er dei ulike informasjonssystema presenterte? Kva element er med på å skilja system frå kvarandre eller for å knyta dei saman?
Elevane kan òg delast i grupper som kan gå andre stader; til ein jernbanestasjon, eit bysenter, eit sjukehus, eller liknande og deretter presentera i plenum for dei andre kva dei har kome fram til. Bruk gjerne bilde, skisser og anna til hjelp i presentasjonen.

Øving 2
Forholdet mellom innhald og presentasjon
Elevane skal læra seg å dekoda ulike former av informasjonssystem, t.d. om dei kan karakteriserast som mjuke, nøytrale eller rigide system. Førsteinntrykket, forma, fargen og typografien kan vera tema å diskutera. Trafikkskilt kan vera eit bra utgangspunkt for arbeid med dette.

Øving 3

*Å laga eigne skilt*
Lat elevane no laga eigne skilt med ulike tema. Dei kan bruka tekst, teikn og piktogram. Eit sentral tema å diskutera i denne oppgåva er kor vanskeleg det er å kunna forma skilt som skal formidla informasjon på ein heilt eintydig måte.

Øving 4
Informasjon sett i ein samanheng
Be elevane setta ut skilt på ulike stader og la dei studera skilta i forhold til omgjevnadane. Dei vil då kunna oppdaga at informasjonen kan endrast og kanskje få ei anna tyding om skilta blir plassert i ein ny samanheng. Ta for dykk nokre skilt og la elevane diskutera seg fram til forbetringar i forhold til informasjonsformidling, plassering og mengde informasjon.

Variasjonar og fordjuping

Øving 5
Framprovosering av irritasjon
Lat elevane dine laga ein absurd orienterings- og informasjonssituasjon som dei kan plassera ein stad der dei kan observera og dokumentera reaksjonen til tilfeldige forbipasserande. Når orienteringssystem blir testa ut i absurde situasjonar, vil ein oppdaga kor internaliserte våre persepsjonsmønster er.

Spørsmål




Bild: 1 2 3 >
Foto: Lürzer Graphik, Götzis

Foto: Lürzer Graphik, Götzis