![]() |
Workshop & discussion |
![]() |
Half a day |
![]() |
Photocopies of historical photographs Scissors, glue, sticks, pencils and carton Digital cameras, beamer |
![]() |
str. 154 – 157 str. 165 |
![]() |
str. 123 – 124 str. 127 |
![]() |
EXHIBIT mistaken stories |
![]() |
ART-LANGUAGE-FILM A Short Story of the Wheel, Tony Hill, 1993 |
Content
Det har blitt vanleg å sjå historiske bilde i det offentlege rommet. Fleire og fleire historiske bilde blir brukte i utstillingar, bøker og dokumentarprogram med historiske tema. ”Gamle” fotografi blir brukte i reklame, som dekorasjon i hotell, restaurantar og i forretningslokale og til innreiing.
Kvifor denne store interessa for historiske bilde? Digitale mediearkiv, fotobyrå og Internet har gjort det lettare å få tak i historiske fotografi. Bildebehandling er òg blitt enklare. Men dette er ikkje den einaste grunnen. Fotografi som så direkte leiar oss i tankar om gamle dagar, rører oss, dei triggar kjensler i oss. For tida kan vi oppleva ei allmenn aukande interesse for historie. Men det det gamle bilde byr oss er eit manipulert perspektiv på det verkelege.
Formål
Del kursdeltakarane i små grupper og la dei studera kopiar av gamle fotografi av ei ganske einsarta verd og la dei klippa og lima og laga ei historie, eit manus, ut frå dei kjenslene bilda rører ved kvar og ein. Enkeltpersonar vil ha ulike erfaringar og kjensler og tolka bilda ulikt. Men kvar gruppe kan prøva å einast om ein posterpresentasjon. Sjølv om dei brukar dei same bilda som utgangspunkt for historiane sine, vil det koma fram heilt ulike historiar frå dei ulike gruppene. Dette viser korleis bilde som er meint å skildra det verkelege, ”korleis det var”, tillet ein mengde ulike tolkingar, til og med diamentralt motsette tolkingar. Når vi ser ei utstilling, eller studerer historiske dokument eller les bøker med eldre fotografi, må vi alltid spørja oss: ”Kvifor er materialet presentert akkurat på denne måten? Kva er det forfattaren vil oppnå?
Om vi vil forstå betre eldre bilde, må vi generelt kjenna til historia bak fotografiet som medium og spesielt om situasjonen som rådde den tida eit bilde blei tatt og kva bilde var meint for. Gjennom diskusjonane i gruppene og etterpå i plenum når posterpresentasjonane blir lagt fram, blir deltakarane meir merksame på og medvitne om kor mykje presentasjonsforma har å seia for historiske fotografi. Vi konstruerer historia uansett, men med tilleggsinformasjon kan tolkinga styrast og mottakarane kan få ny forståing.
Opplegg
Øving 1
Gruppearbeid
Deltakarane kan dela seg i grupper, kvar på inntil fem personar. Kvar gruppe får tildelt eit sett med identiske historiske bilde. Dei arbeidar med gode fotokopiar i A4 format. Bruk bilde tatt i ulike periodar og som viser varierande motiv. For å auka motivasjonen til deltakarane kan dei bli oppfordra til å ta med eigne eldre fotografi. Uansett bør det vera bilde dei kan seia noko om, kven som er avbilda, når bilde blei tatt, kva samanheng, kvifor osv.
Kvar gruppe kan laga ein liten utstilling. Dei skal ikkje ha rettleiing om korleis utstillinga skal vera. Kva dei vil kalla utstillinga, utvalet dei gjer, om dei klipper til utsnitt av eit bilde, eller manipulerer dei på anna vis, er opp til den enkelte. Gruppa skal prøva å laga eit manus og konstruera ei forteljing med bilda plasserte saman som ein eller fleire poster. Etter ein times tid bør presentasjonane vera ferdig monterte med tittel og med kommenterande tekstar om dei har valt å bruka det.
Diskusjonane i plenum rundt presentasjonane frå dei ulike gruppene kan peika på vala som er gjort rundt forteljingane, om komposisjonen av collage, om dei underliggande ideane ein ville ha formidla, om utvala som er gjort, om dei interne diskusjonane osv. Læraren eller andre som kan ha tilleggsinformasjon og anna kunnskap om bilda som er brukte eller om temaet generelt, kan tilføya informasjon og sjå om det endrar og opnar opp forståinga av bilda og forteljingane som er presenterte på posterane. Bakgrunnskunnskap om utviklinga av fototeknikken, om historiske kledemotar, lokal historie, familiehistorie og anna kan vera med å gi ein djupare forståing av dei enkelte bilda, gi dei avbilda personane og omgjevnadane ei historie og dermed kanskje og meir kjensler knytt opp til arbeidet med bilda.
Øving 2
Fordjuping
Bruk fotografiet, Bilde 5, som utgangspunkt for eit rollespel (sjå òg grunnboka The Learning Eye, vol. 1. s. 157). Deltakarane kan arbeida i små grupper og prøva å gjenskapa to gutane på bildet. Ta digitale bilde av måten deltakarane stiller seg opp på og bruk bilda til hjelp for å gjenskapa situasjonen og spesielt posituren til gutane så nøyaktig som råd. Alle i gruppa bør prøva seg i dei tre ulike rollene, både som dei to gutane på bildet og dessutan som fotografen som tar bilde.
La deltakarane diskutera i plenum korleis dei opplevde dei ulike rollene. Korleis vil dei skildra dei to gutane, som usikre eller sjølvsikre, som fattig eller rik osv.. Finn fram informasjonen på s. 125 i grunnboka ”The Learning Eye” om bildet. Samanlikn det som står der om gutane og fotografen med dei inntrykka de sjølve først fekk.
Bilda på s. 154 – 156 i grunnboka kan bli brukte til å analysera kroppsspråk meir i detalj. Under rubrikken ”Sett deg sjølv inn i bildet” (”Putting yourself in the picture”) finnes det fleire tema å velja mellom. I tillegg til ein generell analyse av portrettbildas funksjon og meining, kan ein peika på klasseskilnadar gjennom tidene. Om de tek i bruk bilda i boka kan de sjå kor lite som har endra seg i måten folk stiller seg opp på og måten dei er fotograferte på. Desse oppgåvene kan gjerne kombinerast med workshopane presentert av Margareta Gynning og av Eva Saro.
Som avslutning eller som eit alternativ kan de arbeida med dei manipulerte fotografia på s. 165 i grunnboka (del 1). Her er det ganske grove grep som er brukt for å få i gang diskusjonar som kan gå i ulike retningar. Det kan handla om ”retten til ditt eige bilde” eller moglegheitene til duperande bildemanipulering som digitalteknikken no har opna opp for.
”Tales of confusion” på cd-plata Action, som kombinerer historiske bilde i ei virtuell utstilling saman med ulike tekstar, vil vidare demonstrera kor styrande tekst kan vera for korleis eit bilde blir oppfatta.
Spørsmål
- Kor i dine omgjevnader blir det brukt historiske bilde?
- Kva opplever du sjølv når du ser på desse bilda?
- Kvifor blir bilda presentert på denne måten og kor kan du få vita meir om bilda?
![This project has been funded with support from the European Commission. This publication [the-learning-eye] reflects the views only of the author, and the Commission cannot be held responsible for any use which may be made of the information contained therein.](files/grundtvig.jpg)