Methods of this session Lecture and workshop with groupwork
Duration of this Session Half a day
Materials for this Session Photo clips from newspapers and magazines, calendars, picture postcards, etc. photos of works of art, in digital and print version, film, computer, beamer

Book: Rabten, Gesche: Der Geist und seine Funktionen. Edition Rabten, Le-Mont-Pélerin/VD, 2003. ISBN 3-905497-47-6

Film: Explanation of a Buddha representation by Ven. Gonsar Rimpotsche, Abbot of monestary Rabten Choeling / Lake Geneva and Tashi Rabten / Feldkirch (www.rabten.eu)
See Volume One str. 184 – 189
See Volume two str. 86 – 87 str. 144 – 152 str. 164 – 171
See Video CD ART-LANGUAGE-FILM Nam June Paik is Eating Sushi, Ira Schneider, 1998
Ruth Gschwendtner-Wölfle
Buddha-statuar – blikkfang eller meditasjonsobjekt?
Religiøse bilde og objekt

Content

I takt med globaliseringa har religiøse bilde og symbol blitt handelsvarer til daglegsdags bruk. Sjølv om dei frå starten av var dyrka som eit kultfenomen, kan ein no finna dei i alle moglege samanhengar. Hovudet av Buddha kan ein finna på golvet i ein møbelbutikk, i vindauga i ein frisørsalong, på hylla hos ein blomehandlar, i eit byggevarefirma osv. Gjenstandane i seg sjølve treng ikkje ta skade av dette. Men innafor buddhismen tenker ein seg at dei som handsamar slike bilde og gjenstandar uforsiktig og respektlaust, risikerer at noko negativt kan skje dei. Frå ein buddhistisk synsstad kan det og medføra problem om representasjonar av Buddha blir kasta, øydelagd eller dumpa saman med anna søppel.

I alle religionar er det ikkje tilfeldig korleis visuelle føremål blir handtert. Det finnes til dømes mange buddhistiske ”Tankas” (bilderullar) som er så komplekse å lesa at dette berre kan gjerast av spesielt innvigde som har fått autorisasjon. Berre lærde meistarar kan tolka rullane. Og meistarane velgjer i tur sine læresveinar til å handtera bilda og gjenstandane på rett måte. Bilda kan verka forlokkande som fargerike dekorasjonar i orientalsk stil. Men for ein buddhist er dei fylde med meining på mange nivå. Sidan dette er løynd for uinnvigde, kan bruken av bilda medføra mistydingar og til og med skade på folk. Buddhistane ser på religiøse bilde og gjenstandar som kart for dei som søkjer åndeleg rettleiing og som det krevs mykje lærdom for å tolka.

Religiøse objekt har komplekse meiningsinnhald. Det er venta at vi er kjende med meiningsinnhaldet for objekt tilhøyrande vår eigen kulturkrets. Krusifiks blir ikkje brukt som hattestativ og statuar av Jomfru Maria blir ikkje plasserte i eit vaskerom eller brukt som kopp for såpe. Men religiøse objekt som kjem frå andre kulturområde, oppfattar vi gjerne berre som estetiske og uproblematiske. Deira djupare meining blir verande ukjend.

Innafor buddhismen ser ein på det å sjå og persepsjonen av det, som ei mentale evne som kan trenast ostr. Tolkinga og assosiasjonane til det ein ser og oppfattar, er grunnlaget for det ein seier og gjer. Våre tankebanar kan virka tilfeldige og gå i den eine eller andre retninga, men ein kan trena seg til å utvikla dei å bli meir medvitne og reflekterte.

Formål

Målet er å læra elevane til å skilja bilde med profane perspektiv frå dei med religiøst innhald, vidare å nå ein høgre sensibilitet i omgang med bilde frå andre religionar. Det finnes bilde og gjenstandar vi har lånt frå andre kulturar, som vi tar i bruk på ein lite respektfull måte.

Opplegg

Øving 1
Bilde av Buddha i trykte media
Gå gjennom aviser, vekeblad og anna bildemateriale (som kursleiar kan ha med) og leit etter Buddhabilde. I kva samanheng finn ein slike religiøse bilde? Blir dei brukte for å fanga merksemd (t.d. i ei annonse) eller i dekorativ samanheng eller berre for å fylla ei side? Er det skildnad på måten kristne bilde blir brukt på i forhold til bilde frå andre religionar? Blir bilde frå ”vår” religion helst brukt i religiøs samanheng, medan bilde frå andre religionar kan bli brukt i meir profane samanhengar? Diskuter denne problemstillinga og vurder bruken av bilda de har funne fram.

Øving 2
Buddhabilde
Vis eit Tanka-bilde på ein stor skjerm. Lat kursdeltakarane koma med sine spontane reaksjonar, tankar og assosiasjonar. Kva fortel bilde oss? Ville de henga det opp på veggen? Kor i tilfellet? Og kvifor? Evt. kvifor ikkje? Frå det nettbaserte materialet kan de lasta ned og visa ein kort film der abbeden i Rabten Choeling, eit buddhistisk kloster i Tashi Rabten i Kina, saman med andre skildrar bilde og meininga med sjølve Tanka-tradisjonen. Elevane kan no samanlikna sine eigne førsteinntrykk av bilde med korleis dei no oppfattar dei etter å ha sett filmen.

Variasjonar og fordjuping

Øving 3
Andre heilage bilde
Undersøk bilde med religiøse motiv – denne gongen kristne bilde; eit masseprodusert englebilde, ei leikedokke av paven, eit stearinlys som er forma som den heilage Franciscus. Diskuter omgrepa kunst og kitsch slik temaet blir presentert i det nettbaserte materialet. Analyser ulike innstillingar til bruken av religiøse bilde sett i ein sakral samanheng slik dei var meinte versus når dei er plasserte i ein heilt annan samanheng. Kva passar? Finnes det bruksområde som ikkje passar?

Øving 4
Religiøse bilde i mote og reklame
Studer korleis religiøse bilde og gjenstandar (krusifiks og anna) blir brukt i motesamanheng som smykke, i ungdomskulturen som tatovering, i ulike world- og etno-samanhengar som i butikkar og kafear.

Spørsmål

Bild: 1 2 3 >
Buddha-Statue als Dekorationshilfe   Foto: Ruth Gschwendtner-Wölfle

Statue of Buddha as decoration aid Photo: Ruth Gschwendtner-Wölfle