Methods of this session Lecture and/or workshop
Duration of this Session Half a day
Materials for this Session Room-sized cameras: black plastic foil, adhesive tape, cutting knife Drawing camera: Carton tubes, transparent paper, adhesive tape, converging lenses Camera lucida: Acrylic glass and acrylic mirrors Digital cameras, transparent paper
See Volume One str. 211– 223
See Volume two str. 174 – 181
See action CD SIGHTSEEING Selfconstructing Camera, Type 1 and 2
See Video CD THEME-CUT-OUTS Camera obcsura, Georg Vith
Georg Vith
Stress ned blikket
Om å bruka Camera obscura og Camera lucida for å skru ned tempoet, men auka intensiteten, på det å sjå

Content

Den rikdomen på informasjon som ligg i eit bilde, gjer det vanskeleg å verkeleg oppfatta det. Camera obscura og Camera lucida blir her brukte som metode til å skapa distanse til det ein ser og oppfattar som godt kjent. Metoden hjelper ein til å reflektera over det å sjå. Ein må uvilkårleg roa seg ned sidan ein må venta før bildet viser seg i det mørke rommet (Camera obscura) og ein må sjølv teikna bildet (Camera lucida).

Formål

Å sjå i sakte film. Skal du fanga inn noko med eit fotokamera eller på ei teikneblokk, må du sjå litt nøye. Du vil velja ut detaljar, fokusera på eit bestemt fenomen, ein siluett, struktur, kontrast, komposisjon eller noko anna du vil framheva. I dette avsnittet vil vi prøva å gjera sjølve synsprosessen tydlegare og som noko vi kan diskutera. Den sakte framgangsmåten for å få fram eit bilde med Camera Obscura og Camera lucida, gjer at ein blir meir medviten og fokusert på prosessen.

Opplegg

Camera obscura i eit rom
Det går spesielt godt å senka tempoet og auka intensiteten på det å sjå om ein mørklegg eit rom stort nok til å romma kursdeltakarane og gjera rommet det til eit stort Camera obscura.

Til dette eksperimentet trengs det dagslys ute, eit rom med vindauge mot nord, lyse vegger og moglegheit til å mørklegga rommet med t.d. svart folie. Eksperimentet vil ta ca. to timar for å laga i stand og for å projisera.

Fasinasjonen med dette eksperimentet ligg i det å måtta venta på bildet i det auga vil trenga 15 – 20 minutt for å tilpassa seg. Medan ei gruppe ventar i eit slikt rom totalt utan ytre stimuli, vil det gjerne bygga seg opp spenningar.

Lyset utanfrå kjem inn i rommet gjennom eit lite hol og det som finnes der ute vil bli projisert i rommet som elles er heilt mørkt. Det at bildet berre litt om litt blir klarare, gjer synsopplevinga meir intens. Vi får ei sterk sanseleg oppleving gjennom at vi gradvis oppdagar bilde og blir både overraska og undrande.

Den første mørke fasen i eksperimentet kan nyttast til å snakka om det å sjå, om visuelle stimuli i kvardagen, tempoet og nærveret av slik stimuli over alt (jmfr. Spørsmål). Gjennom å endra storleiken på opninga der lyset slepp gjennom, kan vi diskutera visuelle fenomen som det å få eit bilde skarpt eller diffust. Lagar ein ei ny opning for lyset, og stenger den første, vil eit anna bilde og dermed andre detaljar bli projisert. Camera obscura-bilda endrar seg i takt med situasjonen i rommet, lysforholda utanfor og det som skjer der. Veret endrar seg, trea rører seg i vinden og ein bil køyrer forbi. Menneska inne i rommet vil òg kunna flytta på seg . Dei kan gå rundt med eit kvitt tøystykke, eit papir eller anna der dei kan få projisert enkelte detaljar av bilde utanfrå på.

Camera obscura og Camera lucida som teiknekamera
Bilde 3 viser eit hendig, lite Camera obscura som kan brukast til å teikna av frå. Bilde 4 og 5 viser eit Camera lucida brukt til å laga skisser med. Dette er hjelpemiddel som gjer det lett å teikna. Kan du sjå, kan du teikna. Du treng berre bli litt van med kamera og trena på å teikna over det dei projiserer på papiret.

I grunnboka ” The Learning Eye” (Del I s. 211-223 og Del II s. 173-181) og på den medfølgjande CD’en finnes vegleiing i korleis begge kameratypane kan byggast.

Camera obscura og Camera lucida kan vera verdifulle hjelpemiddel for å få fram bestemte utsnitt frå bilde, men først og fremst kan dei vera til god hjelp i sjølve skissearbeidet. Med apparata kan observasjonsevne trenas opp gjennom at ein konsentrerer seg om visse detaljar t.d. høgdepunkt, mørke flekkar, spesielle fargar, former eller strukturar. Slik kan apparata vera til nytte for stegvis tilarbeiding av optiske inntrykk. Begge kamera høver godt til filtrering av bilde på skjerm, for teikneanalyse og for aktiv trening i det å sjå. Det kan brukast på kafé, framfor utsikten frå eit rom, framfor TV’en eller PC’en og ein kan lyssetta eit rom med vanlege lampar for å få fram bestemte delar eller detaljar. Der ein teiknar bør vera litt skuggelagt, litt dunkelt. Eksperimentet kan ta ca ein time.

Digitalkamera
Digitalkameraet kan brukast til å ta utsnitt på same vis som nemnt over. Bilda kan takast og brukast som skissene over, som ei visuell dagbok. Dei kan eventuelt tilarbeidast vidare i ettertid gjennom at ein legg gjennomsiktig papir over ei bildeutskrift og teiknar av visse detaljar, eller konturar, komposisjonar eller høgdepunkt ein vil trekka fram (jmfr. det som er sagt over og Bilde 6).
Dette er skrivebordsarbeid som kan ta ca ein time.

Variasjonar og fordjuping

Om de bygger Camera obscura som eit teiknekamera kan det ta ca fem timar. Å bygga Camera lucida vil ta ca to timar. Det består av akrylglas og akrylspegel som er plassert mot kvarandre i 45 graders vinkel. Det interessante med dette kameraet er at omgjevnadane blir projiserte saman med handa som teiknar.
Alternativt kan ein bruka ein overhead prosjektor.

Spørsmål




Bild: 1 2 3 4 5 6 >
Silvrettahaus, Camera obscura. Foto: Georg Vith, 2002

Silvrettahaus, Camera obscura. Foto: Georg Vith, 2002