Methods of this session Field studies and participant observation
Duration of this Session Half a day
Materials for this Session Film by Frode Storås and He Yuan Wang: Our Courtyard. Bai People of South China. 2006
See Volume One str. 36 – 39 str. 62 – 64 str. 86 – 95
See Video CD ART-LANGUAGE-FILM Blue Hour 1–3, Pia Greschner, 2002
Frode Storås
Sjå!
Virtuelt feltarbeid

Content

Feltstudiar og deltakande observasjon er metodar som blir brukte i antropologi og andre samfunnsfag. Ved å vera på ein stad og observera det som føregår der, ta notatar og forsøka å dra nokre slutningar om det ein er med på, kan ein bygga opp kunnskap om menneska og deira relasjonar til kvarandre, deira samfunn og kultur. Omgrep som skildrar hendingar og handlingsmønster blir brukte til å samanlikna og slik få fram skildnader og likskapar. Slik kan vi bygga opp kunnskap om folk og deira kvardagsliv og dermed betre forstå det kulturelle mangfaldet som finnes på jorda.

I dag kan virtuelle feltstudiar utnytta moglegheitene som ligg i audiovisuelt materiale. Å sjå og høyra menneska snakka og le kan gi ei kjensle av nærleik, av eit møte mellom menneska på skjermen og publikum som ser på dei. Undertekstar bryt ned språkbarrierane. I denne øvinga er oppgåva å gjera eit virtuelt feltarbeid gjennom ein etnografisk film. Nokre spørsmål vil vera med på å leia dykk til kva de spesielt skal sjå etter. Gjennom dei observasjonane de gjer utover i filmen, vil de bygga opp ei forståing av menneska de møter, måten dei lever på, deira kultur og samfunn.

Observasjon er noko vi driv med heile tida når vi er vakne. Sidan vi må tolka alle bilda rundt oss, kan vi ikkje berre bruka augo, vi må også bruka hovudet. No er det ikkje slik at vi medvite legg merke til alt vi ser. Til vanleg brukar vi sansane berre nok til å unngå ulykker og halda oss på beina. I denne øvinga er målet at de skal merka dykk så mykje som råd av det de ser og høyrer. De vil sjå ein dokumentarfilm frå sørvest i Kina der de vil besøka ein landsby som tilhøyrer minoriteten Bai. For dei fleste vil dette vera ei eksotisk oppleving sidan kvardagslivet til desse menneska på mange vis skil seg frå det vi kjenner. Dette faktum kan gjera observasjonen meir interessant og på mange vis enklare, sidan det kan vera god nytte i å samanlikna livet til dei de observerer med eige kvardagsliv og spesielt merka dykk kva som skil dei frå dykk.

Dei menneska de vil møta på skjermen er Yang, hans kone, deira son og svigerdotter og deira son, og naboane dei lever tett med. Før den kinesiske revolusjonen eigde familien til Yang alle husa rundt gardstunet. Men sidan familien blei definert som landeigarar, blei alt dei eigde konfiskert og fordelt til trengande. Yang fekk behalda eit par rom i eine hjørne av tunet. I filmen vil de få litt innblikk i historia bak denne gardsplassen, men de skal først og fremst merka dykk kva de kan observera om forholdet mellom dei ulike personane som i dag bur her. Meir om deira kvardag kan de forstå gjennom å legga merka til arbeidsreiskapar dei brukar til koking, til jordbruket og anna og om kva husdyr dei har. Slik bygger du opp litt kunnskap om deira levevis.

Observasjon som metode i filmskaping

Filmen Our Courtyard har ein observerande stil. Føringa av kamera og redigeringa av filmen er gjort slik at publikum kan oppleva at dei er posisjonert bak kamera. Sjåaren kan følgja hendingane gjennom kameralinsa slik kamerapersonen sjølv gjer. Lange opptak prøver å fanga inn tempoet, rytmen og dei romlege sidene ved hendingane og ein prøver å unngå innskotsbilde tatt frå andre kameravinklar. Innskotsbilde blir til vanleg brukt til å jamna ut klipp i filmen. I den observerande filmstilen er ideen at du som sjåar skal følgja kameraperson tett og slik få høve til i ein viss grad å vurdera kamerapersonen si bildeinnramming og andre filmatiske avgjerder og dermed kunna trekka dine eigne slutningar basert på det du kan observera gjennom kameralinsa.

Dei filmatiske grepa som blir brukte i dei fleste dokumentarfilmar, sæskilt i TV-produksjonar, skapar distanse mellom sjåarane og menneska i filmen. I motsetning til dei som held seg til den tradisjonelle dokumentarforma, prøver meir vitskapleg orienterte etnografiske filmskaparar å få meir autensitet inn i heile prosessen med filmen. For å få sjåaren til å kjenna seg så nær hendinga på lerretet som råd og som sjølvstendige vitne, argumenterer dei som driv med den observerande filmmetoden for bruk av naturleg lys og handhalde kamera som kan følgja tett på det som hender når det hender, dvs. ingen regiserte scenar, ingen bruk av kommentarstemme og heller ikkje pålagt musikk. No er alle filmar nødvendigvis konstruerte og prega av dei som har laga filmen, men ved å unngå ei kommentarstemme som forklarar korleis ein skal forstå filmen, og andre manipulerande filmatiske grep, prøver den observerande stilen å gi deg som sjåar ein meir open filmtekst og dermed ei sjanse, eller utfordring, til å gjera deg opp eigne meiningar. Det kreves nok at du som sjåar må involvera deg meir i tolkinga av filmen.

Reglane i dei såkalla Dogmefilmane slik dei blei formulerte av den danske filmskaparen Lars von Trier for å gi filmen meir autensitet og bli meir overtydande, bygger på dei same ideane som ligg bak den observerande, etnografiske filmmetoden. Von Trier har òg kome med liknande reglar for dokumentarfilm. I TV-seriar og i Hollywood-filmar kan vi i dag sjå at nokre av desse reglane blir brukte for å gi produksjonane illusjon av meir autensitet og realisme.

Ein film er bygd opp av enkelte sekvensar og for at vi skal få ei kjensle av at dei ulike delane heng i hop, må vi reflektera over det vi ser. Den mentale mobiliseringa du som sjåar må gjera for å gi meining til overgangane mellom sekvensane slik at du forstår handlinga i filmen, vil uvilkårleg bygga på dei førkunnskapane og erfaringane du har. Slik vil din kulturelle og historiske bakgrunn, så vel som kjønn og alder, vera med å forma di forståing av filmen. Er det noko i filmen Our Courtyard du reagerer spesielt på? Er det noko som overraskar deg og kanskje rører ved fordommar du har og som du kanskje ikkje var klar over?

Ein forfattar kan unngå all unødig informasjon i ein tekst. Ein filmskapar kan ikkje det. Filmkamera vil uvilkårleg formidla ein mengde utilsikta informasjon som kan distrahera sjåaren og stela merksemda frå bodskapen i filmen. Var det noko spesielt i denne filmen som distraherte deg?

Ein film fungerer som ein meir eller mindre open tekst som kan tolkast på mange vis. Den observerande stilen i mange etnografiske filmar inneber ein open filmtekst. Men uansett er det publikum vil sjå, filmskaparen sitt utsnitt og redigering av det verkelege. All film er konstruksjon.

Til slutt, feltarbeid er først og fremst om det å finna gode spørsmål som ein deretter kan følgja opp og få stadfesta eller avkrefta. Kva spørsmål kjem ut av din studie av filmen Our Courtyard?

Spørsmål




Bild: 1 2 3 >
Tor zum Innenhof.  Still aus dem Film »Our Courtyard«

The gate to the courtyard Still from the film »Our Courtyard«