Ruth Gschwendner-Wölfle
Visuell kompetanse vedgår oss alle: Å sjå er å tru

“Ingenting kan vera sikrare enn det eg ser med mine eigne auge” – det er i alle fall mange som tenker slik. Filosofen Jean-Jacques Rousseau hevda at det vi merkar oss kan vera grunna i ei falsk sanseoppleving.

Framståande austlege tenkarar har sagt at “berre det rolege og reine sinnet kan vera klar og mottakeleg”. Men for det meste er sinnet vårt ikkje så reint og dessutan uroleg på grunn av sterke ønske eller intens motvilje og derfor blir det uklart kva vi eigentleg ser.

Gleda av å kunna sjå – ei grunnleggande oppøvd evne eller luksus?

Om du vil læra deg opp til eit kvalifisert blikk som ein kulturell teknikk, må du ha med deg ei klype barnsleg undring, ein god porsjon med kritisk medvit og like mykje tolmod og merksemd som trengs for å læra seg eit verbalt språk.

Denne handboka handlar om å skaffa seg kunnskap om bildekategoriar og visuelle kodar (som Anna Rüegg skriv i sitt avsnitt), om det å observera og ta seg den tida som krevs til dette (som Georg With skriv om). Visuelle orienteringssystem som tilhøyrer eigen kulturell sfære, er lettare å læra seg enn dei som høyrer heime i ein ukjend kultur (Klaus Lürzer skriv meir om dette). Margareta Gynning tar, med døme frå maleri, opp i kor høg grad bilde kan medverka til kjensle av identitet. Eva Saro viser korleis vi medvete eller umedvete oppfattar reklamebilde og gjer medieindustrien sine kjønnsstereotypiar til våre eigne. Dette er ein del av dei usynlege strukturane som pregar det mangslungne og brokute visuelle språket. Werner Matt ser nærare på korleis historiske og samtidige fotografi kan tolkast. Frode Storaas brukar film som teknikk til å øva opp evna til observasjon. Både film og bilde er formidlingsformer som ein gjerne ser på som objektive i forhold til det dei viser, men i røynda høyrer dei til dei mest komplekse bildespråka, som kan manipulerast til masseindoktrinering. I media har vi erfart sprengkrafta som finnes i den ofte umedvetne og udiskriminerte bruken av bilde i våre multikulturelle samfunn.

Når tradisjonelle verdiar og religiøse tabuførestellingar blir krenka og toleransenivå overskride, har vi set at det kan få politiske følgjer (Edith Maier sitt kapittel handlar meir om dette og om handteringa av bilde innafor islam, Ruth Gschwendtner-Wölfle sitt innlegg handlar om buddhistiske bilde og behandlinga av dei). Vår eurosentriske verdsbilde gjer oss ofte blinde for “dei andre sitt blikk”. Å utvida våre blikk og sinn, er ei viktig oppgåve for alle!

Ei handbok

Det som trengs er; inngåande kunnskap om bilde, evne til å raskt oppfatta mange bilde, men og evne til å avstemma og dempa tempoet i oppfattinga av det visuelle, med andre ord; kunna fordjupa seg i bilde. Manualen “The Learning Eye” er i hovudsak utvikla i forhold til grunnboka “The Learning Eye – Contributions to Visual Literary” med det mål å skaffa til vege øvingar og metodar som skal vera lette å bruka og som skal kunna fungera i ein daglegdags læringssituasjon. Deler av handboka kan sjåast som eit konsentrat av den store mengda av materiell i form av bilde, tekst og film som finnes i grunnboka.

Handboka er tenkt å kunna brukast av dei – som i vid forstand – arbeidar med bilde på profesonelt nivå (eksempelvis kunst- og bildelærarar, grafisk formgivarar eller arkitektar) og av dei som presenterer bilde (i museer og andre læringsinstitusjonar), så vel som for dei som brukar bilde som læremiddel i ulike samanhengar. Sjølv om handboka og grunnboka heng saman, kan dei brukast uavhengig av kvarandre. Begge bøkene er kompleterte med ekstra web-basert materiale. Bøkene er tilgjengelege på engelsk og på tysk. Tekstane er dessutan tilgjengelege på fransk, polsk, portugisisk, finsk, svensk og norsk på www.the-learning-eye.eu.

Dei tre publikasjonane av ”The Learning Eye” tilbyr ulike tilnærmingar, øvingar og metodar for det store emne om det å sjå. I boka opna vi opp for ei rekke ulike meiningar slik at der er noko å finna for ”bilde semiologar” så vel som for ”spontane bildetolkarar”, ”frie assosierande akrobatar” eller ”dekodings spesialistar”.

Uansett, her gjeld det ikkje å definera seg i den eine eller andre gruppa, men om å tileigna seg inngåande kunnskap og meir reflektert evne rundt temaet å sjå.

Ein gløymd post i utdanningssystemet
Visuell kompetanse er viktig for å utvikla eigne oppfatningar om, og respekt og ansvar for, bruken av bilde og andre visuelle uttrykk i ei global verd. Likevel er det lite systematisk trening tilgjengeleg. Forsøk på å læra folk å lesa bilde er gjerne kopla til kunst og då misforstått som at det berre er kunstekspertar som kan seia noko klokt om kunst. Dessutan er det ei utbreidd oppfatning om at berre dei med spesielt talent kan teikna og mala. Vi vil hevda at dei som har lært seg å skriva også kan læra seg å teikna, uansett kva talent dei har. Det som er viktig er å gi elevane visuell kompetanse slik at dei kan lesa og tolka kulturelle kodar i bilde og bodskap i bilde og hjelpa dei i å finna uttrykk for det dei har sett. Studien omhandlar trivielle, masseproduserte bilde, så vel som artistiske kunstformer, religiøse og profane, kjente og ukjente visuelle uttrykk.

Uansett om det er innafor det regulære utdanningssystemet eller i opplegg for livslang læring så bør kompetanse i det å lesa bilde og andre visuell former vera ein del av allmennutdanninga no i våre dagar. Men Visual Literacy er ikkje del av den generelle europeiske utdanningsmalen og framleis ikkje tatt med som tema i evalueringa av PISA-studier.

Den buddhistiske meisteren Gesche Rabten har sagt: ” Det å sjå er ei spirituell evne som kan trenast ostr.” Så lat oss starta opp!