Methods of this session Lectures combined with workshops & role-playing
Duration of this Session Half a Day
Materials for this Session Mobile phones and/or digital cameras, projector, beamer
See Volume One str. 135 – 150
See Volume two str. 111 – 119
See action CD EXHIBIT Images from Images
Margareta Gynning
Verknaden av kontekst og kultur
Bildeforståing og identitet

Innhald

Det er først når vi får problem med å forstå eit bilde at vi innser kor prega vi er av bildekonvensjonane i vår eiga tid. Vi treng å analysera dei ulike kodane og bodskapane som omgjer oss i kvardagen. Det er viktig å læra seg å koda bilde slik at vi kan forstå korleis fortida er ein del av notida. Gjennom å finna parallellar mellom ”no” og ”då” kan vi sjå korleis meining blir konstruert i vår visuelle kultur.

Makta bilde har over oss kan best illustrerast av våre nasjonale symbol. Den nasjonale identiteten blir konstruert og rekonstruert i ein stadig prosess, identiteten blir visualisert i form av bilde og symbol som påverkar vår forståing av han. Bilde er ikkje berre del av ein ideologi, dei er og reiskap som blir brukt for å skapa ideologien.

Formål

Målet med denne oppgåva er å undersøka korleis våre personlege erfaringar og historie saman med andre faktorar som kjønn, seksualitet, alder, sosio-kulturelle bakgrunn, geografi og nasjonalitet, påverkar korleis vi oppfattar bilde.
Vi skal analysera både gamle og nye kunstverk og masseproduserte bilde. Fokus er bildeforståing og identitet. Meininga er å gje lærarar og elevar reiskap som kan hjelpa dei til å få eit meir kritisk blikk på bilde og form dei er omgjevne av.

Opplegg

Det kan vera ein god måte å få i gang ein diskusjon om bildeforståing med elevane gjennom å starta med eit bilde som det er vanskeleg å koda.

Øving 1
Blikket og det den gjensidige erkjenninga

Lat elevane koma med ei detaljert skildring av Giuseppe Arcimboldo sitt maleri frå 1500-talet. Først vil dei nok forsøka å beskriva figuren på bilde som eit menneske sjølv om figuren er sett saman av dyr og andre figurar. Vi lærer oss å dekoda ansikt svært tidleg i livet. Blikket og møtet med eit anna ansikt er grunnleggande for vår tolking av det verkelege rundt oss seinare i livet. Relasjonspsykologar hevdar at vår søken etter kontakt er den fremste drifta vi har som menneske. Alt frå fødselen er målet og ønske til barnet å relatera seg til omverda. Det å sjå, betrakta, er ein viktig del av denne prosessen der vi aktivt engasjerer oss og utviklar oss sjølve i samspel med andre. Dette er ein del av ein meiningsskapande prosess der det inngår å oppdaga og sjå bilde og form. Barnet tar i bruk eigne bilde som eit av mange språk for å tolka og forstå omverda. Skulebarn skal derfor ikkje omhandlast som ”unge kunstnarar”. Dei skal i staden oppmuntrast til å ta i bruk heile sin fantasi og læra seg å handtera ulike visuelle reiskapar.

Øving 2
Portrettet
I dag brukar folk nye teknologiar i måten dei relaterer seg til omverda. Når elevane dine arbeidar med bildeforståing, er det viktig å poengtera at dei skal gjera det i samspel med andre. Mange tar bilde av kameratane med mobiltelefonen, og deler bilda seg i mellom gjennom mms’ar eller legg dei ut på nettet, som på ”facebook”. Lat derfor elevane dine ta bilde av kvarandre og lat dei diskutera fotografia etterpå. Kva for eit synes dei er best, og kvifor synes dei det? Kvifor vil dei visa bilda til andre?

Øving 3
Kjønnsperspektivet og ”det mannlege blikket”.
Be elevane dine sjå på bilda i Del I (s. 137-141) og les sidene 111-113 i Del II i grunnboka ”The Learning Eye – Contributions to visual literacy”. Analyser teksten og samanlikn bilda med eigne mobiltelefonbilde. Diskuter korleis bilda ikkje berre er ein del av ein ideologi, men at dei også er med på å skapa ideologien. Julius Kronbergs sitt maleri ”Nymfa og faunane” frå 1800-talet viser korleis bildet i seg sjølv gir føringar for korleis ein ser bildet. Dei to faunaene oppe til venstre i bildet får sjåaren til å ta eit heteroseksuelt perspektiv, eit mannleg blikk, som kikkar på den nakne kvinna. Ei samanlikning mellom den kvilande nymfa og Jan Massys sitt ”Venus Cythereia” frå 1500-talet (s.24, bilde 4) viser at trass i at poserande kvinner er ein del av den vestlege bildetradisjonen, så er Kronberg sitt bilde malt ut frå eit meir passivt og objektiviserande perspektiv. Collagen til Eva Saro (s.20, bilde 3) viser at vi i dag har eit enno meir seksualisert perspektiv i vår visuelle kultur. I dag blir òg menn skildra som sexobjekt, medan kvinnene sine kroppar kan bli delt opp og presentert som kommersielle varer ut frå eit ”penetrerande blikk”.

Øving 4
Kjønn og rollespel
Oppmoda elevane dine til å herma etter kroppsspråket til figuren i Alexander Roslin sitt maleri ”Brukseigar John Jennings, hans bror og svigerinne” frå 1700-talet. Lat elevane bruka eit digitalkamera til hjelp i sitt rollespel. Diskuter korleis kjønnsnormene har endra seg opp gjennom historia. Det som vi i dag ser som kvinnelege normer, som feminitet, var på 1700-talet eit ideal både for menn og kvinner. Dei var sminka, bar pudra parykkar og rikeleg broderte klede. Det er mykje likt mellom vår tids fokusering på det ytre og elitekulturen på 1700-talet, som var prega av luksus og konsum. Dette aristokratiske idealet for venleik, som i vår tid blir oppfatta som androgynt og kjønnsoverskridande, har sine røter i den europeiske hoff kulturen. Ideala var utrykk for ein form for sosial koreografi som strevde etter å balansera kropp, rørsle og klesdrakt til eit perfekt bilde. Grasiøsitet og venleik var like mykje ein mannleg kvalitet som kvinneleg. Det som i dag blir oppfatta som kroppsspråket til ein kvinneleg klassisk ballettdansar, stammar frå den franske hoffkulturen slik vi til dømes kan kjenna det frå Ludvig 14 si iscenesetting av si kongerolle. Det er først på 1800-talet vi får eit totalt skilje mellom kjønnsrollene i kunsten då mannen blir vist til det offentlege rommet medan kvinnene blir i det private. I møte med portrettet til Roslin får vi syn for kor prega vi er av våre eigne oppfatningar om kjønn og heterofile normer. Slik innser vi at konvensjonane stadig er i endring.

Øving 5
Den nasjonale identiteten
Lat elevane dine ta med seg eit bilde eller ein gjenstand som dei vil assosiera med eigen nasjonal identitet. Diskuter med dei om kva som fekk dei til å velgja akkurat det bildet eller gjenstand. Korleis vil dei definera nasjonalisme i forhold deira heimland. Lat elevane deretter sjå på sidene 142 – 151 i (Del 1) av grunnboka ”The Learning Eye” og les avsnittet ”Nationalisme – från ”Midtsommardans” till skivande Dalahâstar” i (Del II), s. 114 – 119. De kan og bruka CD’en Action som inngår i den same boka, der de får vera med på ein guida tur i same emnet. Sjå deretter på bilda saman med elevane og diskuter korleis ulike nasjonalitetskonsept opp gjennom tidene har vore med å forma landet dei lever i. Kanskje nokre har erfaring frå andre kulturar. Korleis har det påverka deira eigen identitet?

Variasjonar og fordjuping




Bild: 1 2 3 4 >
Giuseppe Arcimboldo,  Der Advokat – Ulrich Zasius, 1566

Giuseppe Arcimboldo, The Solicitor – Ulrich Zasius, 1566