Methods of this session Media workshop with role-playing
Duration of this Session Half a day
Materials for this Session Magazines and newspapers, scissors, glue
See Volume One str. 137 – 151
See Volume two str. 111 – 119
See action CD LIBRARY image terminology woman
See Video CD ART-LANGUAGE-FILM HOMMeAGE, Franziska Megert, 1996
Eva Saro
Verknaden av kontekst og kultur II
Rollen av førebilde i kunst og media

Innhald

I det daglege blir vi blinde for det som omgir oss, og det gjer det vanskeleg for oss å stilla spørsmål til og bli kritiske til alle bilda som strøymer forbi. Vi vil her foreslå nokre knep som kan hjelpa til å forstå betre korleis menneske blir avbilda i media. Vi kan starta med å samla og samanlikna bilde. Deretter kan vi på Sherlock Holms vis sjå nærare på komposisjons- og verdimønster som er bygde opp i bilda.

For å få eit overblikk vil ein måtta distansera seg, men det går òg an å få ei djupare forståing gjennom å nærma seg eit bilde gjennom empati. Medan de samlar inn og velgjer ut masseproduserte bilde for å studera dei, kan det vera nyttig om de ikkje berre surfar rundt på overflata, men tar djupdykk inn dei ulike sjikta i den visuelle bodskapen. Det er lettast å oppnå om ein plasserer seg i skoa på den som er avbilda, og prøver så nøyaktig som råd å herma etter deira kroppsspråk og ansiktsuttrykk. Slik kan de gå djupare inn i bildeanalysen gjennom rollespel, ”forstå gjennom å gjera” – metoden (”learning by doing”). Då kan ein avsløra kjønnsstereotypiar og merka seg vage og ubestemte kjensler. Med hjelp av eit digitalkamera kan de legga merke til skildnaden mellom korleis det kjennes på kroppen å plassera seg i ein bestemt posisjon og samanlikna det med korleis det er å berre sjå det utanfrå. Gjennom dette rollespelet kan ein oppdaga dimensjonar som ein elles går glipp av når ein zappar omkring i den daglege bildeflaumen.

Om vi ser på førebilde frå kunsten i eldre tider, kan vi avdekka korleis kjønnsnormer for ”maskulinitet” og ”feminitet” har endra seg i vår vestlege tradisjon (sjå Margareta Gynning s. 18). Men visse karakteristiske trekk finnes framleis sjølv om meininga knytt til dei kan ha endra seg i dag. Eit døme er kvinners hudfarge. Sjå berre på kosmetikkindustriens annonser eller studer nærare collagen ”Mediemodell V”. Den kvite og lyse huda står framleis for kvinneleg venleik, reinsemd og ungdom. Det er den norma som gjeld, trass i at medieindustrien er blitt global. Ein viss solbrun farge er tillete for kvite kvinner i samband med reklame for ferieliv som framleis er ein mangelfaktor for store delar av verdas folk.

Formål

Opplegg

Eit bra utgangspunkt for diskusjonar om bildetolking, for å nå måla som er nemnde over, er å starta med analyse av bilde frå media. Dei øvingane som blir foreslått under, let elevane sjå på bilde frå ein mengde ulike innfallsvinklar. Den nye visuelle kompetansen og erfaringane kan seinare bli tilpassa til mange ulike område.

Den som tar i bruk strategien med å samla og samanlikna bilde, vil kunna få grunnleggande kritiske evne til å gjennomskoda massemedias stereotypiar av kvinner og menn. Rollespel kan leia oss til å læra gjennom å utføra oppgåver, som igjen gjer det lettare å diskutera verknaden av ulike kroppsspråk og ansiktsuttrykk. Om læraren oppmodar til det, kan gruppediskusjonar få fram mange ulike tolkingar. Dette kan bli eit godt utgangspunkt for vidare analysering av strukturane og stereotypiane i bildekonvensjonane. Dermed kan vi oppnå ei betre forståing for reklamens og konsumismens bildespråk og korleis den påverkar vår oppfatning av kjønn.

Øving 1
Kvinner og menn i media
Finn fram bilde frå aviser og vekeblad. Du kan fokusera på politikarar, filmstjerner, barn, motemannekengar, dataspel figurar eller på personar brukt i reklame. Du må gjerne blanda ulike kategoriar. Poenget her er å samla bilde med eit sams tema. Er det eit uttrykk som du reagerer spesielt på? Det kan vera ei kroppshaldning, eit ansiktsuttrykk, ei symbolsk fargesetting eller noko som har med sjølve iscenesettinga og komposisjonen av bilda du festar deg ved. Lag ein collage som hjelper andre å sjå det same temaet som du reagerte på. Dette vil setta i gang diskusjonar i gruppa og dei ulike syna på same bilde vil vera med å styrka evna til å utforska visuelle presentasjonar i media.

Øving 2
Motbilde
Når elevane har fått ei klarare oppfatning av kva det er i dagens media som gjer ein mann maskulin og kva som gjer ei kvinne feminin, er det tid for ei øving om motbilde. Studer collagen ”Menn kan også le”. Kva detaljar markerer ulikskapen mellom det mannlege og det kvinnelege? Korleis kan vi endra delar i bilde slik at det blir mindre stereotypt? Korleis kan den erotiske overtonen i kroppsføringa på bilde forsterkast ut frå dagens føresetnader? Korleis fungerte dette i eldre tiders kunst? Og ser du på moderne kunst, er det der liknande mønster?

Det stereotypiane fornektar, er at vi menneska faktisk er ulike. På den andre sida hjelper dette oss å kommunisera med kvarandre. Kva er fordelen med stereotypifisering i reklamen? Kva slags problem kan finnast? Korleis påverkar dei kjønnsrelaterte stereotypiane deltakarane i gruppa? Kjem stereotypiane sterkast fram i arbeid eller i fritida? Blir de personleg opphissa av kvinner med store, våte lepper? Synes de menn med dystert og litt herja utsjånad er sexy? Korleis blei kvinners og menns seksuelle utstråling framstilt i eldre bildetradisjonar?

Om de tenker på kvinner i moteverda, i musikkanalane på TV eller i dei fleste pornofilmane. Kva er det for idear som ligg bak dei ulike venleiksideala for kvinner? Kvifor vises menn nakne sjeldnare enn kvinner? Kva andre kulturar kjenner du til, i dag eller historisk, der menn ytre sett er meir påfallande enn kvinner?

Øving 4
Reise i tid
Om du samlar reproduksjonar av eldre kunst, vil du finna portrettert elegant kledde personar og mektige menn, og mange nakne kvinner. Vel ut nokre bilde og komponer dei saman. Om du ikkje vil klippa sund bilde, kan du fotokopiera, skanna eller ta digitale bilde og prøva ut komposisjonar på pc’en. Plukk ut dei bilda som talar sterkast til deg. Leit deretter i nyare aviser og vekeblad etter portrett som på ein eller annan måte liknar dei døma de har valt ut frå eldre kunst. Kva har endra seg? Kva er framleis likt? Kva sosio-økonomiske forhold har endra seg? Kva er uforandra?

Gå gjerne vidare og undersøk andre tema med kritisk blikk.

Øving 4
Innramming
Lag nokre bilderammer i ulike storleikar av kartong eller pastr. Lag border på eit par av dei. Plasser rammene over bilde frå kunstbøker og frå vekeblad og flytt dei rundt. Kva skjer? Rammene er med og set nytt lys på det kjende og er såleis ei nyttig reiskap for å skjerpa det å sjå. Vi vil uvilkårleg senka tempoet og blir meir merksame på detaljar. Vi kan til dømes oppdaga at ei fotografert hand er nøye retusjert for å skjula rynker og årer. Det same gjeld for auge i reklamebilde. Det er med andre ord ikkje berre ei vanleg hand eller eit allminneleg auge, men ein fotoarrangert realitet. Slik sett har mediebilde mykje felles med malerikunsten.

Øving 5
Tekst og kontekst
Vel eit bilde, enten eit som er endra med collageteknikk eller eit originalbilde. Sett bildet inn i ulike layout samanhengar, i ei avis, eit vekeblad eller i eit fotoalbum. Forstørr gjerne bildet i kopimaskina eller på pc’en om du har det digitalisert.

Korleis blir bildet påverka av den nye layout-samanhengen? Korleis blir din eigen tolking påverka? Om du legg inn ein bildetekst, gir bildet ein tittel, eller ein pris – som i ein auksjonskatalog – kva skjer då med oppfatninga av bildet?

Spørsmål




Bild: 1 2 3 4 >
Media Model V – Skin Fiction Collage by Eva Saro

Media Model V – Skin Fiction Collage by Eva Saro